Samtext
Så, hvem er du?

Så, hvem er du?

Sindre Kjosås, bondesønn fra periferien og praktikant i Samtext. 

 

Praktikant ja, det forklarer kapsen. Hvor kommer du fra?

Hardanger, nærmere bestemt den lille bygda Øystese. Der fjorden møter fjellet, og mennesker speiler seg i frodig, frisk natur. Men Oslo er ålreit det.

Hardanger. Så du skriver vanligvis nynorsk?

Absolutt! Jeg er en del av en stadig mindre minoritet, men skriver alltid nynorsk så fremt jeg får lov. Om du kan gjøre resten av intervjuet på nynorsk, vil jo dette plutselig bli et dybdeintervju.

Greitt. Det minner meg på – er det nokon vits i å behalde nynorsken?

For meg i alle fall. Dette blir nok flåsete sagt, men nynorsk er ein stor del av den eg er. Eg håpar folk set pris på mangfaldet me har med to skriftspråk, men eg har sjølvsagt forståing for dei språkpolitiske utfordringane. Ordet sidemål får dei fleste her i aust till å grøsse heilt ned til halebeinet.

Grøssande austlendingar kan kome til deg for hjelp med sidemål, kanskje?

Det ville vore ei glede.

Korleis hamna du hos Samtext?

Eg studerer Medier og kommunikasjon på HiOA, og fekk ein e-post der det stod at eit tekstbyrå etterlyste praktikantar med kjærleik for tekst (pluss pluss). Tre minutt seinare var søknaden sendt.

Kva skuldast din kjærleik for akkurat tekst?

Eg har ei ætt som har skrive dikt, bøker og songar gjennom fleire generasjonar, og eg lærde meg å oppleve ein tekst meir enn å berre lese han. Ein tekst kan uttrykke så mykje forskjelleg, og berre eitt lite ord kan snu alt på hovudet. Moglegheitene er så grenselaust mange.

Kva er ein god tekst for deg?

Eg er svak for dei som vågar å bruke humor og “fiffigheit” om det er rom for det. Korrekte og keisame tekstar er det nok av der ute. Eg vil ha tekstar som er annleis, geniale og som vert hugsa.

Korleis reagerer du på ein dårleg tekst?

Eg vert meir fascinert enn irritert, og undrar meg ofte over kor i prosessen det tok til å skrante.

Ingen dum eigenskap for ein språkvaskar. Har du eit favorittord?

Klump. Det er eit ord ein vert i betre humør av. Berre prøv å sei det høgt. Gravsteinmateriale.

Eit du ikkje er så begeistra for også, kanskje?

Kakk. Å kakke. Det er eit ord eg hugsar frå mindre staselege minne: «Sindre, du kakka deg så hardt at du blør.», «kan nokon kakke isen av låvetaket?», og gjengangaren «katten var så hardt skada at me valde å kakke han ferdig».

Ja, den har vi jo alle høyrt. Når trivst du best på arbeidsplassen?

Med lukkelege kollegaer, utfordrande arbeidsoppgåver og ei kaffimaskin i drift.

Korleis tykkjer du det har vore å jobbe i Samtext, då?

Eg følte meg heime allereie før lunsj den fyrste dagen. Det er eit særs godt arbeidsmiljø her, og det er nok det eg verdset mest der eg vil jobbe.

Til slutt. Får vi gleda av å sjå deg igjen, Sindre?

Eg håpar inderleg det.

Eg får melding frå øvste hald om at du er sterkt ynska på deltid medan du fullfører bacheloren din. Sjåast til veka?

Hurra, sjåast!

Guro Bommen

Guro Bommen
Tekstforfatter

guro.bommen@samtext.com
22 80 52 12

Samtext logo
Samtext Norway AS
Brynsveien 5
0667 Oslo
Tlf.: 22 80 52 00